
Jærosten Jemima - Mellomlagra
Jærosten Jemima er ein halvfast ost laga på upasteurisert kumelk. Den mellomlagra osten er modna på granplank i 4-5 mnd.
Jærosten Jemima er den fyrste upasteuriserte osten som blei godkjent i Noreg (2002). Den er ein ekte handverksost som blir skjært opp, snudd og vaska for hand. Den kan brukast til det meste, men med sine gode smelteeigenskapar er han perfekt til raclette, gjev pizzaen eit løft, og passar til alle typar gratinering og blir ofte brukt i sausar og supper. Den kan òg nytast som han er, saman med frukt, kjeks og god drikke. Osten blir vaska og snudd kvar tredje dag. Dette gjev osten ei fin, naturleg skorpe som kan brukast om ønskeleg.

Voll Ysteri
Voll Ysteri er det fyrste ysteriet i Noreg som vart godkjent til å ysta på upasteurisert mjølk. Me har ysta Jærosten sidan 2001.